– Torsdag i Hareidsstemneveka vil vi skipe til marknadsdag på i Vinterhagen på Hadartun, fortel Kari Anne Eidsvik ved dagsenteret.

Det er første gong dei prøver seg på marknadsdag under Hareidsstemna og er naturlegvis spente på korleis det går.

På marknaden vert det høve til å sjå og å kjøpe ting som er laga både av dei som nyttar seg av dagsenteret og aktivitetssenteret og av lokale kunstnarar. Mellom anna strikkeprodukt, gjenstandar innan saum og broderi, scrapbooking, tova tøfler og ettersom det no nærmar seg jul; nissar og englar.

Kultur og kafé

I samband med marknaden vert det også arrangert kafé der det vert høve til å kjøpe seg kaffi og kaker, samt sveler.

Det vert også kulturelle innslag. Paul Sandanger vil vere med å dra i gang allsangen. Leiv Arne Grismtad og Geir Brekke vil lese dikt og fortelje historier. I tillegg vil damekoret CorSonus frå Hjørungavåg halde konsert i vinterhagen.