– Det er ikkje til å leggje skjul på at eg er ein kreativ person. Gjennom levande bilete og fotografi får eg ut utlaup for mykje av denne kreativiteten, fortel ho.

Forutan film tek Camilla også på seg oppdrag innan fotografi og trykksaker.

Allsidig bakgrunn

Det er ikkje slik at det Camilla gjer i dag var klart for ho for lenge sidan. Ho har hatt ein innhaldsrik og til tider kronglete veg sidan ho flytta frå Hjørungavåg etter vidaregåande, men er i dag tilbake og busett i heimbygda si saman med kona Iris Tangen Nanseth.

– Eg har slite ein del med å finne ut av kva eg eigentleg vil bli, kva eg vil gjere med livet mitt. Eg synest nok litt synd på 16-åringane i dag. Men eg kjenner at eg no er der eg vil vere, seier Camilla.

Etter at ho gjekk ut frå Ulstein vidaregåande skule gjekk turen til Fredly folkehøgskole på Børsa i Sør-Trøndelag og linja for friluftsliv. Lærarskule blei neste mål for Camilla, men då ho kom ut i praksis oppdaga ho raskt at læraryrket ikkje var noko for ho.

– Eg kom så inn på linja for film- og TV-produksjon ved Universitetet i Bergen, og tok ein bachelorgrad. Det gav absolutt meirsmak, og gav meg eit solid fundament å byggje vidare på, seier Camilla.

Fleire somrar på rad på denne tida jobba ho på sjøen for Island Offshore.

Ho flytta etter kvart heim igjen til Sunnmøre, og fekk seg jobb som videojournalist i TV8 Sunnmøre.

– Men så blei det dårlege tider i mediebransjen, og kanalen blei lagt ned eitt år etter eg kom dit. Etter tida i TV8 tok eg valet om å ta meir utdanning, men denne gongen blei det noko ganske anna, seier Camilla smilande.

For neste destinasjon blei Høgskulen i Ålesund (no NTNU i Ålesund) og studieretninga nautikk.

– Det viste jo seg at eg kom til å bomme nok ein gong. Eg fullførte løpet og fekk alle dei naudsynte sertifikata, men det hjelpte ikkje så mykje, då eg var ferdig utdanna styrmann akkurat i verste nedgangstida i bransjen. Eg var vikar som matros i litt over eit halvår, men det blei etter kvart veldig usikkert. Det er ikkje bra å gå frå dag til dag utan å vite kva ein har å halde seg til.

Frå kommunejobb til enkeltmannsføretak

Camilla fekk så jobb i Hareid kommune.

– Eg hadde eit fint halvår i kommunen, der eg gjorde alt mogleg. Eg laga også informasjonsvideoar der. Etter kvart som videoane fekk meir merksemd, og oppdraga byrja å strøyme på var eg klar for å satse på mitt eige føretak, men først på deltid. Jobben i kommunen var ikkje meininga å vare noko lenger enn i eit halvt år, så det passa greitt at eg frå i haust av har kunne jobba med Nanseth Media på heiltid, seier ho.

Enkeltmannsføretaket blei registrert i mars i år.

Mange oppdrag i avtaleboka

Om du har følgt med på Facebook siste tida er sjansen stor for at du har sett éin eller fleire av videoane Camilla har produsert for ulike aktørar. Mest lokalt, men også nasjonalt.

– Det har vore mykje forskjellig eigentleg. I sommar var eg til dømes mykje på reise, då eg gjorde ein jobb for Varsling 24. Eg filma i Kongsberg, Tinn og Egersund, og sette saman ein referansefilm.

Varsling 24 er eit selskap som jobbar med løysingar for sms-varsling og varsling til fasttelefon.

Forutan dette har Camilla mellom anna produsert snuttane i samband med Hareid kommune sitt 100-årsjubileum. Desse blei vist under ungdomsskulen og kulturskulen si framsyning «Fortid vert framtid». I tillegg har ho produsert informasjonsfilmar for fleire verksemder, kommunar, Hareid sokn og Ulstein vidaregåande skule.

Oppdraga kjem altså inn på laupande band og Camilla får gode skotsmål for arbeidet ho gjer. Men, nokon form for promotering utover jungeltelegrafen har det rett og slett ikkje blitt tid til.

– Det kjennest litt rart ut å seie det, men eg har heilt full timeplan framover. Eg har også ei liste med folk eg skal ringe, men det har det rett og slett ikkje blitt tid til enno. Eg er veldig takksam for dei oppdraga eg får, og at det ser ut til at folk likar det eg lagar. Eg får mellom anna mange kjekke tilbakemeldingar via Facebook, og det set eg stor pris på, seier Camilla.

Medieverda er stor, noko Camilla merkar godt.

– Det er eit enormt stort spenn i det ein kan lage. Eg likar at det er såpass variert, då eg er ei ganske utolmodig sjel. Det er ekstra kjekt når ting skjer. Filmmediet er nok det eg likar aller best, og det blir nok hovudsatsingsområdet mitt framover, men eg ønskjer samstundes å ha fleire bein å stå på. Så langt føler eg at Nanseth Media er på ein fin kurs, seier ho.

Og ved å nytte endå ein passande styrmann-metafor er det viktigaste for Camilla no å navigere seg trygt vidare framover i leia.

– Med tanke på at eg har godt med arbeid, og at eg trivast så bra med dette som levebrød, så ser eg ingen grunn til å ikkje satse vidare. Eg ser fram til nye utfordringar, seier ho til slutt.

Nanseth Media har laga informasjonsfilm om arbeidet til Hareid sokn. Her er eit stillbilete frå filmen, som viser sokneprest Leidulv Grimstad. Foto: Nanseth Media Foto: Nanseth Media.
Camilla står også bak fleire filmsnuttar i samband med 100-årsjubileet til kommunen i år. Her er eit glimt frå «Hareid i 100 – fortid vert framtid». Foto: Nanseth Media.
Camilla er ikkje berre god på film, ho likar også veldig godt å ta stillbilete. Her har ho foreviga nyårsrakettane i Ulsteinvik i fjor. Ho tek også på seg bryllaupsfotografering og andre typar fotooppdrag. Foto: Nanseth Media.