Ho arbeider sjølv innan helse- og omsorgssektoren, nærare bestemt Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter.

– Me er no verstingen som har så store overskridingar, sa ho og viste til tertialrapporten til Ulstein kommune der det står at det er forventa eit negativt avvik på 10–12 millionar innan denne sektoren.

Dei store overskridingane gjentar seg år etter år i denne sektoren. – Kanskje me må ta dette innover oss når me held på med budsjettarbeid, at det faktisk kostar meir enn me trur å drive helse- og omsorgssektoren, sa SV-representanten.

– Sjukeheimen er for liten

Ho fortalde at ho i arbeidskvardagen sin ser korleis realitetane er. Ho trur Ulstein held på å vekse seg ut av sjukeheimen. Til ei kvar tid er der folk på gangen, i så å seie alle avdelingar, sa ho. – Det er overbelegg heile tida, og folk står på venteliste og ventar på å få sjukeheimsplass.

Kommunen er flink til å byggje omsorgsbustader, noko ho forklarte med at det er billegare, for det treng lågare bemanning. Men i omsorgsbustadene på sjukeheimen er det ein del tungt pleietrengande pasientar, som treng betre bemanning, meinte ho.

Det er stort press på dei som arbeider i denne sektoren. Ho viste vidare til Samhandlingsreformen, der sjukehusa skriv ut pasientar og sender dei til rehabilitering på sjukeheimen. Dette gjer at dei tilsette får fleire og sjukare pasientar og brukarar å ta seg av. Det blir også eit stort press på heimesjukepleia.

Rådmannen har innført innkjøps- og vikarstopp i Ulstein kommune på grunn av overskridingane i budsjettet.

– Det går ikkje an å stoppe vikarbruk når det er på ei lågast mogleg bemanningsnivå som det er. Når ein er to pleiarar på jobb, går det ikkje an å ikkje leige inn ved sjukdom, sa ho.

Ho likar heller ikkje at kommunen prøver spare pengar ved å nytte lærlingar til å gjere jobben. Ein må tenkje på rettane til lærlingane også.

SV vil innføre eigedomsskatt, med ein sosial profil, for å sikre gode tenester.

– Dei ligg på stova

Rådmann Verner Larsen varsla at det ikkje er naudsynt av SV å etterlyse ei sak om eigedomsskatt, for han vil tradisjonen tru (i samband med budsjettarbeidet for neste år) fremje det.

Han stadfesta at det er overbelegg på Alvehaugen, men dei ligg ikkje på gangane. – Me har folk på stovene. Me har fleire personar på sjukeheimen enn det me har senger til, så me har eit overbelegg, det er riktig.

Han er samd i at kommunen må ha realistiske tiltak, men ein må også følgje opp tettare dei tiltaka dei har sett i verk.

Tilbake til kvartalsrapportar?

For nokre år sidan hadde Ulstein kommune kvartalsrapportering om korleis kommunen låg an i høve til budsjettet. Men no er året delt i tre i staden for fire.

Håkon Waage (V) spurte om det kanskje er litt for sjeldan med tertialrapport? Når politikarane får lagt fram 2. tertial er det for kort tid igjen av året til at dei får gjort noko. Kanskje kommunestyret ville blitt litt meir påhalden med pengebruken viss dei tidlegare visste korleis det låg an? Eigedomsskatt vil ha ikkje ha noko av.

Rådmannen sa at dei hadde blitt overraska over at overskridingane i omsorg var så store, det kom fram etter sommaren. Dei greip fatt i det då dei såg det.

Kommunestyret godkjende rapporten og rådmannen vart pålagt å treffe tiltak for å redusere driftsunderskotet for 2017 så mykje som råd. Han rapporterer vidare til formannskapet ut 2017.