Frå og med onsdag 15. april til og med 15. september er det ikkje lov å tenne opp eld i nærleiken av skogmark i tettbygde strok utan løyve frå brannsjefen.
I ei pressemelding frå branningeniørane Live Gandborg (Hareid) og William Ekeli (Ulstein) - går det fram at det er "høgsesong" for gras-, lyng- og skogbrannar. Hareidlandet er ikkje noko unntak. Her er årlege utbrot av slike brannar med negative følgjer for folk, dyr, bygningar o.s.v.
- Det skal uhyre lite til for å kveike eld i tørt fjorårsgras om våren. Berre etter korte tørkeperiodar er det straks stor brannfare. Gammalt lauv og plantar, fjorårsgras, småkvistar og lyng tørkar uhyre fort opp i sola og vinden - og er lett påtennelege.
- Det er viktig at forbodet mot å gjere opp eld blir følgt. I visse vindtilhøve og når topografien hjelper til, kan eld spreie seg uhyre fort, skriv Gandborg og Ekeli.
Kva er tettbygd strok?
Dei definerte forbodssonene, som altså kjem inn under nemninga "tettbygde strok" i dei to kommunane, er følgjande:
ULSTEIN: Areala rundt Skeide, Ulsteinvik, Hasund, Sundgot, Haddal og Eiksund.
HAREID: Areala rundt Hareid, Geilane, Bigset, Overå, Hjørungavåg og Brandal.
Unntak frå forbodet
Gandborg og Ekeli ritar opp fire tilfelle der open bålbrenning likevel er lov:
1. På grillanretningar, utepeisar og kaffibål.
2. Brenning av reint trevirke, avispapir og liknande i vedomn.
3. Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall (greiner, gas og lauv) utanfor tettbygd strok, så lenge det ikkje er til plage eller uroar naboar og andre personar.
4. Bålbrenning jonsokaftan på stader med liten fare for brannspreiing. Det som vert brent skal vere reint trevirke og/eller organisk materiale. Grunneigar må ha gjeve løyve, og brannsjefen må ha fått melding.
Bør ha sløkkevatn
Til dei som skal handsame eld utandørs gir brannvernet følgjande råd:
- Ha alltid sløkkevatn lett tilgjengeleg - og for å unngå at elden skal spreie seg, er det lurt å legge ein "vasstreng" ved hjelp av hagekanner rundt det området ein skal brenne. Ein liter vatn per meter vil kunne hindre brannspreiing i 1-2 timar, sjølvsagt avhengig av storleiken på bålet/området, vegetasjon, vindtilhøve o.s.v.
- Alle bål bør vere sløkte etter at det er mørkt. 110-sentralen har tidlegare fått avstandsmeldingar om brann som har vist seg berre vere bål, seier Gandborg og Ekeli og oppmodar folk til å køyre hageavfallet til hageavfallsplassane. Brenning i hagane kan føre til at røyken gir helserelaterte plager.