Måndag vart det fleirtal i Hareid formannskap for å seie nei til Linda Haddal Røssevoll sin søknad om mellombels bruksendring av Melshorn Hotell, slik at ho i staden kan drive asylmottak for einslege mindreårige flyktningar.

Formannskapet hadde også ein gong tidlegare sagt ned til bruksendringa, og Røssevoll klaga dette inne.

Sidan det vart nei andre gong også, gjekk saka vidare til Fylkesmannen.

Og der har dei handla raskt. I dag, torsdag, kom vedtaket om at Fylkesmannen gjer vedtaket om inkje.

Vedtaket er endeleg, og kan ikkje påklagast.

I avslaget viser Hareid formannskap til dei samfunnsmessige utfordringane eit slikt mottak vil gi kommunen i høve til sektorar som allereie har store utfordringar, at kommunen per i dag slit med å gi dei mindreårige asylantane i kommunen det tilbodet dei har krav på, og at manglar som fastlege, helsesyster og undervisning vil verte vesentleg auka med eit nytt mottak.

I saksutgreiinga svar Fylkesmannen at kommunen vil ved oppretting av asylmottak få eit vertskommunetilskot som skal bidra til å dekke utgifter for dei tenester som kommunen er pålagt å gi bebuarane ved mottaket.

- Fylkesmannen har forståing for at det kan vere utfordrande og ressurskrevjande for kommunen å tilpasse sitt tenesteapparat til dei nye oppgåvene som må løysast. Fylkesmannen finn likevel at det må leggjast større vekt på dei tungtvegande samfunnsmessige omsyna som gjer seg gjeldande i samband med oppretting av asylmottak, og finn at desse fordelane vil vere klart større enn ulempene i denne saka.

- Fylkesmannen overkøyrer

Truls Håbakk, Framstegspartiet, var ein av dei som stemte imot å gje Melshorn Hotell mellombels bruksendring. Han seier til  vikebladet.no at Fylkesmannen i denne saka totalt har overkøyrt Hareid formannskap sitt vedtak, og sett lokalt sjølvstyre til sides.

- Vi har alt eit mottak med 50 plassar i Hareidsmyrane. Får vi eitt til mottak på hotellet, vil dette totalt koste Hareid kommune over 6 millionar kroner i året. Er vi heldige, får vi kanskje halvparten i tilskot. Dette vil skape store utfordringar for all tenesteproduksjon som kommunen skal tilby alle innbyggjarane i Hareid.

- Både ordførar og varaordførar vr positive til dispensasjonen. Eg håper dei no har ein konkret plan for kvar dei vil kutte. Blir det i skulen, barnehagane eller i pleie- og omsorg? spør Truls Håbakk.

Han meiner denne saka viser at det trengst ei kommunereform. Berre ei slik enkel sak kan vere med på å velte budsjettet i kommunen. Vi balanserer på ein knivsegg, sjølv småting kan gjere at vi bikkar over, meiner Håbakk.

Framstegspolitikar Truls Håbakk meiner Fylkesmannen i denne saka totalt har overkøyrt lokalt sjølvstyre.