Hareid Brannvesen fekk 16:55 inn alarm om akutt forureining på Hareid.

På twitter opplyser Møre og Romsdal 110 at det gjeld bensinlekkasje frå ein bil i Strandgata.

Situasjonen er no under kontroll og mannskapen returnerer. Bilen vert skumlagt og det vart lagt ut bark for å suge opp bensinen.