Varaordførar i Hareid kommune, Kristian Fuglseth (Folkelista), kjenner for å minne innbyggjarane om at kommunane ikkje er forplikta til å slå seg saman med andre, om dei ikkje vil.

– Eit samrøystes Storting påla kommunane å greie ut ei reform. Det er ikkje det same som at me er nøydde til å velje nokon å slå oss saman med, seier Fuglseth og presiserer at sjølvråderetten framleis gjeld. Om ein ikkje er tilfreds med dei intensjonsavtalane som kommunane har forhandla fram til folkerøystinga får ein røyste nei, ein vil halde fram som før.

Reformarbeidet har vore ein lokal prosess, der dei lokalt har sett på ulike alternativ.

– Folk bør sjå på intensjonsavtalane. Er dei gode nok? Er der for mange lause trådar? Ein kan ikkje stemme taktisk berre for å unngå eit anna alternativ. Om ein meiner vilkåra ikkje er gode nok, bør ein røyste nei, meiner Fuglseth.

Han ser ikkje Hareid+Ulstein som eit alternativ.

– Den debatten var me ferdige med i 2012. Det var utgreidd og me kom fram til at der var ikkje noko å hente. Det me kunne samarbeid om samarbeider me om frå før, avfeier han og meiner ein ikkje kan ta nokon omkamp i denne saka.

– Ein kan ikkje endre spelereglane no når me snart går til val. Om ein ikkje er nøgd med dei alternativa som ligg der får ein røyste nei, er oppmodinga frå Folkelista-representanten.