Møre og Romsdal deler i år ut 3,9 millionar frå Kulturminnefondet.

Det kom inn 48 søknader til ulike prosjekt, og til saman søkte dei om 12,5 millionar kroner. Mengda med søknader har dobla seg på tre år.

No har fylket plukka ut 26 prosjekt som får til saman 3,9 millionar kroner.

- Når det er så mange private eigarar som vil setje i stand sine kulturminne, er dette svært gledeleg. Dei auka løyvingane frå Stortinget betyr at me kan hjelpe fleire eigarar med prosjekta sine, seier ein nøgd direktør Simen Bjørgen i Kulturminnefondet.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen er glad for midalen som blir delt ut til private eigarar i år.

- Kulturminnefondet skal vere eit lågterkseltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne. Eg er difor veldig glad for at Kulturminnefondet for inneverande år kan fordele over 70 millionar (på landsplan) i tilskot. Dette er viktige bidrag for å forhindre at kulturminne går tapt. Det gir eigarane ein motivasjon for å setje i stand bygningar, og inneber i tillegg at rammesetnadane for private eigarar blir betre, kommenterer Helgesen og vil rette ein stor takk til alle dei frivillige som stiller opp for å redde ein del av Noregs kulturarv.

Av lokale tiltak finn me:

M/S Ullaholm i Ulstein som får 100 000 kroner.

"Sjøbua, sørveggen" Haugsholmen i Sande får 200 000 kroner.

Naust Ytreflø i Ulstein 67 500 kroner.