Laurdag var hjelpekorpset til Sørøyane Røde Kors på plass utanfor Blåhuset i Ulsteinvik. Dit hadde dei med seg mellom anna kommandobil, ambulanse og båt for å få vist fram litt av utstyret dei har i bruk.

- Vi ynskjer å få vist oss litt fram. I år er det 150 år sidan Røde Kors vart stifta og dette ynskjer  vi å få litt fokus på. I tillegg så har vi mykje flott utstyr som vi har lyst at folk skal få sett, fortel Ida-Marie Nordal som er hjelpekorpsleiar i Sørøyane Røde Kors.

Medan dei viser seg fram for publikum, håpar Nordal at dei skal kunne rekruttere nokre nye støttemedlem og kanskje nokon som kan tenkje seg å arbeide som frivillige.

- Kontingenten ein betalar som støttemedlem går 100 prosent til lokale ledd, fortel hjelpekorpsleiaren.

Går inn i høgtida

For ein del av dei lokale hjelpekorpsa på Sunnmøre er vintersesongen svært aktiv, men for Sørøyane er det perioden vi går inn i som er mest hektisk.

- Vår, sommar og haust er høgtida. Då er vi mellom anna med på alle Hødd-kampane, deltek på festivalar og liknande, fortel Nordal.