Problemafor Kystvaktas indre beredskap held fram dei første månadene inn i det nyeåret. Fire av fem skip i Nornen-klassen vi liggje til kai til midten avfebruar.
Ei rekke tekniske problem har gittKystvaktas «spisse ende» store utfordringar med å halde oppe beredskapen ihaust og vinter. I november låg seks av fjorten skip til kai på grunn av skadareller vedlikehald.
Det tre år gamle skipet KV Barentshavhar hatt eit lengre verkstadopphald på grunn av ei grunnstøyting, men det erdei fem år gamle Nornen-skipa som har gitt sjøoffiserane flest rynker i panna.
Har spora problema
Alle dei fem skipa, som utgjer heileberedskapen til Indre Kystvakt, har hatt tekniske problem i haust.
– Vi er komne til botn i ein del av dei tekniske årsakene som har settdei ut av drift, men fire av fartøya blir liggjande til kai til midten avfebruar, seier flaggkommandør og sjef for Kystvakta, Lars Saunes til NTB.
Dette gjer at Kystvakta også ibyrjinga av 2013 må prioritere strengt for å halde oppe eit minimum avberedskap.
Dei overtar også fartøyet SHV MagnusLagabøte frå Sjøheimevernet, som bøter på situasjonen i kystnære område. Andredelar av Kystvaktas flåte har også ei meir fleksibel rolle i olje- ogforureiningsberedskapen fram til Nornen-klassen er fulltalig igjen.
Innfasing av helikopter
2013 får Kystvakta endeleg startainnfasinga av dei nye NH90-helikoptera, som skal erstatte dei over 30 år gamleLynx-helikoptera. Dei vart bestilte allereie for ti år sidan, men har voreramma av forseinkingar.
– Forsvaret har no fått levert to stykke, og eit tredje kjem på nyåret. Vikjem til å bruke året på integrasjon, avklare utstyrsbehov, teste vinsjar ogprosedyrar – alt som trengst for ådrifte dei på ein sikker måte. Så vil dei gradvis bli meir og meir operativegjennom året, seier Saunes.
Åtte av dei bestilte NH90-helikopteraskal leverast til Kystvakta, medan dei siste seks skal til Sjøforsvaretsfregattar. Dei skal etter planen vere fullt operative i 2014, menforsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) varsla at andre alternativ eraktuelle dersom NHIndustries ikkje klarer å levere.
Flytta til Sortland
Kystvakta har i 2012 vore gjennom sistørste omstilling sidan etableringa i 1977. Dei to skvadronane Nord (Sortland)og Sør (Bergen) er lagt ned, og heile staben er flytta frå Oslo til Sortland.
– Dette har vi gjennomført innan gitte tidsfristar og innanfor tildeltebudsjettrammer utan at fartøy og fly er blitt berørte, skriv Saunes iårsoppsummeringa si.
Flaggkommandøren er også nøgd med denvellykka innføringa av eit heilskapleg tryggingssystem for heile Kystvakta i2012.
Ein av fire fekk reaksjon
Av rundt 1.700 inspeksjonar Kystvaktagjorde i 2012, vart det gitt åtvaringar i eitt av fire tilfelle. I 39 tilfellehar inspeksjonane avdekt regelbrot som har medført politimelding eller føringtil norsk hamn for bevissikring.
Totalt har Kystvakta mottatt 49.000meldingar gjennom året, over 10 prosent fleire enn toppåret 2010.
– Noko av forklaringa til denne auken er fleire meldingar knytt tilseismikk, men det er truleg også eit resultat av eit historisk godt fiske, derdet tidvis har vore trongt om plassen på fiskefelta, seier Saunes.
Totalt 171 søkje- og redningsaksjonarhar fått hjelp av Kystvakta gjennom året. (©NPK)