Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal klubba i dag samrøystes igjennom at dei tilrår å få Fylkesveg 61 gjennom Hareidsdalen, rt ferjestrekninga Hareid-Sulesund over på staten.

Administrasjonen i samferdselsutvalet hadde innstilt på at Fv. 61 også i framtidia skulle vere fylkesveg. Men fekk ikkje gjennomslag.

To framlegg frå politikarane vart sydd saman til eitt. Dette inneber at både Fylkesveg 61, 60 (Magerholm-Sykkylven), og Fv. 65 og 64 blir tilrådd som riksvegar.

Ferjesambandet Hareid-Sulesund og riksvegen gjennom Hareidsdalen vart i 2010 overført frå statej til fylkeskommunen.

- Fylkeskommunen har ikkje klart å skjøtte verken vegen eller ferjesambandet på ein god nok måte. Fylkeskommunen har dårleg råd, og enkelte kallar i dag vegen gjennom Hareidsdalen for "lappland", kommenterer Anders Riise.

Ferjemateriellet på strekninga Hareid-Sulesund har også fått eit fall i standarden.

I forkant av møtet hadde ordførar Anders Riise (H) i Hareid vore krystallklar i sitt råd til samferdselsutvalet i Møre og Romsdal:

-  Overfør ferjedrifta Hareid-Sulesund til statens så raskt som råd.

Ordføraren i Hareid er langt frå nøgd med dagens situasjon:

-  Ferjestrekninga Hareid-Sulesund har sidan 2010 hatt ein formidabel trafikkauke, med ein årsdøgnstrafikk frå 3000 til 3500 bilar, og ein stor auke i attståande bilar. I same periode har regjeringa vedteke at den framtidige E39 skal gå over Hareid-Sulesund, og vidare langs deler av dagens Fylkesveg 61. Berre dette tilseier ei omklassifisering av Fylkesveg 61, varslar Riise i eit brev til samferdselsutvalet i Møre og Romsdal.

- Eg vil takke både MAFOSS, NHO, lokalpolitikarar og næringslivet i regionen for at dei har tatt seg tid til å informere fylkespolitikarane om kor viktig det er at staten tek over ansvaret, kommenterer Anders Riise.

- Viktig å få ei anna klassifisering

- Dette er eit viktig signal frå Møre og Romsdal fylke om at dette sambandet er så viktig at det må få ei anna klassifisering, kommenterer Terje Høybakk. Dagleg leiar i Maritim forening for Søre Sunnmøre tok måndag turen til Molde for å høyre på debatten og utfallet.

Tilrådinga frå Samfedselsutvalet skal følgje med innstillinga som Statens vegvesen skal sende inn til rulleringa av Nasjonal Transportplan for 2018-2029 innan 15. november.

Planen skal til handsaming i Stortinget neste år.