På ei kommunalteknisk messe i Telenor Arena i dag vart Noregs beste uterom kåra. Saunesparken i Ulsteinvik vart kåra til Noregs beste uterom i klassen tettstadar og friområde.

Den nyetablerte parken er ein kombinasjon av fleire typar av uteområde i ein tettstad; ein meir tradisjonell park med gras, benker og trær, elvepromenade, leikeplass, liten kunstgrasbane, sandvolleyballbane og minigolf. Denne kombinasjonen opnar for både kvardagslege og meir feststemt, høgtidleg bruk. Parkrommet inviterer til aktiv bruk og introduserer mange moglegheiter for nye uteaktivitetar i sentrum av tettstaden.

Det store nye parkrommer utvidar parkomgrepet på ein særs god måte. Juryen vil spesielt framheve korleis parken vendar seg til mange brukargrupper. parken verkar samlande for tettstaden og er med sitt rike innhalde ein ny arena til å møtast på tvers av generasjonar og interesser. Juryen vil også framheve utforminga av parken som har høg estetisk kvalitet med ein god design og val av varige materiale.

Fått det til i samarbeid

Kulturleiar Leif Ringstad var der og tok imot prisen i lag med assisterande rådmann Verner Larsen og ungdomsrådsleiar Aurora Dimmen Bratli.

- Eg er strålande glad for prisen. Sjølv om det er Ulstein kommune som har henta heim prisen er det viktig å understreke at parken har blitt til i eit samspel mellom ungdomar, grendelag, næringsliv og Møre og Romsdal fylkeskommne. På ein gledens dag som dette er det kjekt å dele prisen med både desse og arkitekt Siri Myklebust og Sandal Anleggsgartnar. Arbeidet vart påbyrja alt i 2007, så det tok nokre år før han var ferdig, men det har blitt veldig flott, kommenterer Ringstad på telefon til Vikebladet Vestposten.