Hareid brannvesen var det første brannvesenet i Møre og Romsdal som fekk alarm etter GoLive steg 2 klokka tolv i dag. Matlaging på Bigset var årsaka til at alarmen gjekk.
Klokka ti minutt på eitt natt til onsdag gjekk alarmen i Hareid sentrum. Brannvesenet rykte ut, men det var falsk alarm.
Alarmen denne natta vart hisorisk, den siste på det analoge systemet. For frå klokka tolv i dag, onsdag, gjekk brannvesenet over på det krypterte naudnettet. Det vart markert på 110 sentralen i Ålesund og alle brannmannskapa fekk ein alarmlyd og melding på naudnettradioane som markering, skriv Hareid Brannvesen på Facebook.