I ei undersøking med eit landsrepresentativt utval gjennomført av YouGov på vegner av forsikringsselskapet If viser det seg at éin av tre seier dei har meir enn ti ladarar heime, eller at dei har mista oversikta over kor mange ladarar dei eigentleg har.
– Å miste kontrollen over kor mange og kva slags ladarar som ligg og sleng rundt i huset kan vere risikabelt. Dårlege eller øydelagde ladarar kan skade utstyr og i verste fall lage brann, seier branningeniør og leiar for skadeførebyggande avdeling i If, Anders Rørvik Ellingbø.
Faktisk skuldast så mange som halvparten av bustadbrannane i Norge ein elektrisk årsak eller feil bruk av elektrisk utstyr. Det viser brannstatistikken til Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB).
Unngå piratkopiar
Forsikringsselskapet kjem også med ei fraråding mot å kjøpe piratladarar for å erstatte dei originale.
- Piratladarar har ofte meir støy i straumleveringa. Det fører til at batteriet får forkorta levetida og kan i verste fall eksplodere og byrje å brenne, seier Ellingbø.
If meiner også ein som forbrukar bør sjekke kabelen mellom ladaren og mobilen eller nettbrettet.
– Eit teikn på at kabelen byrjar å bli utslitt er når plasten krympar seg i enden av leidninga. Då kan det bli dårleg kontakt, som igjen kan føre til brann. Dersom du kjenner at kabelen er varm under lading, så bytt den ut, seier branningeniør Anders Rørvik Ellingbø avslutningsvis.
If og YouGov stilte eitt enkelt spørsmål, nemleg: - Kor mange ladarar har du i huset ditt?
Slik svarte dei i alt 1010 deltakarane i undersøkinga:
Ingen: 0 %
1-2 stk: 6 %
3-5 stk: 28 %
6-10 stk: 30 %
11-20 stk: 12 %
Meir enn 20 stk: 8 %
Veit ikkje/inga oversikt, men det er mange: 16 %