I august varsla Hannelore Måseide (Ap.) valkomiteen om at ho ikkje ville ta på seg ein ny ordførarperiode i Ulstein. Men no har ho ombestemt seg. Det er spennande å vere ordførar i Ulstein. Eg har både lyst, interesse og engasjement til å gå på ein ny ordførarperiode, forsikrar ho.
Hannelore Måseide har snart bak seg tre periodar i Ulstein kommunestyre. Den siste også som ordførar. No stiller ho seg til disposisjon for ein ny ordførarperiode. Sterk satsing på oppvekstmiljøet til barn og unge, og eit rikt kulturtilbod meiner ho er blant sakene som blir viktig i Ulstein i åra framover.