No satsar dei på nytenkjande og aktiv marknadsføring, spesielt for å nå ut til kjernen av besøkjande, nemleg ungdom mellom 18–23 år. – Vi satsar aktivt på det vi allereie er gode på. Vi vil vere ein livleg uteplass, der det skjer noko gøy kvar helg, forklarer Fredrik Alvestad engasjert. Karane brukar Facebook aktivt i marknadsføringa, og dei held på å konstruere ei eiga heimeside der informasjonen om dei ulike arrangementa ved Decibel skal verte offentleggjort fortløpande. UNGE OG DRIFTIGE Det manglar ikkje på ambisjonar blant driftsleiarane, til trass for den unge alderen. – Sjølvsagt er vi redde for å ikkje verte tekne seriøst fordi vi er så unge, men vi er veldig engasjerte, og skal vise dei som tvilar på oss, kva vi er gode for, understrekar Alvestad. – Det hjelp i alle fall ikkje å berre sitje på "raua" dersom vi skal få ting til å skje. Vi er midt inni ein spanande prosess no, og mykje skjer framover, fortel Vegard Moltubakk som avslører at dei blant anna skal i gang med ei oppussing av utestaden. LITE DAUDTID Både Fredrik og Vegard går sisteåret på Ulstein vidaregåande skule. Fredrik er dessutan russepresident i år, politikar og ein av arrangørane bak Trebåtfestivalen. Vegard er dessutan med på juniorlaget til Hødd og arbeider ved Expert Hareid Elektriske og som støttekontakt. – Korleis får de tid til alt? – Det handlar vel berre om prioriteringar, ler dei to som innrøm at det ofte vert seine kveldar på kontoret. 18-åringane (Fredrik har rukke å fylle 19 år når denne avisa går i trykken) vart nærmast headhunta til jobben som driftsleiarar etter at dei arrangerte ein stor fest i Ulsteinhallen i haust. Dei meiner sjølve at dei utfyller kvarandre, både på godt og vondt. – Vi har alltid vore veldig gode vener, og når vi sit her og diskuterer og legg planar, vert det ofte høglydte diskusjonar fordi ingen vil gi seg. Vi brukar vel eigentleg å seie at det gir best resultat, dess høgre diskusjonen er, humrar Fredrik Alvestad. – Vi kosar oss når vi sit her og planlegg utover kveldane. Det er gøy, og eg tykkjer dette er ei unik mulegheit for oss, legg Vegard Moltubakk til. – Vi vert no kasta ut til ulvane, utan mykje erfaring, men vi har trua på det vi held på med og at det skal verte kjempebra, understrekar Fredrik Alvestad. ENDRINGAR I FOKUS – Nokre vil vel påstå at Decibel har hatt eit litt frynsete rykte på seg dei siste åra. Kva vil de gjere for å endre på det? – Vi tenkjer sjølvsagt at merkevarebygging og dei tre K-ane som eg likar å kalle dei, skal endre synet nokre har på utestaden. Alle saman står for kvalitet, fordi det er så utruleg viktig, seier Fredrik Alvestad. – Vi er i gang med å endre dette biletet, men det er ein lengre prosess som ikkje er gjort over natta. Med å tenkje nytt vil ein etter kvart sjå endringane, understrekar Vegard Moltubakk som ser fram til å drive utestaden saman med kompisen og arbeidskollegaen.
Nyhende →
18-åringar tek over leiinga på Decibel
Dei to unge karane, Fredrik Alvestad og Vegard Moltubakk, er tilsette som nye driftsleiarar ved utestaden Decibel i Ulsteinvik.