Borna ved Brandal barnehage vil få tilbod om plass i Syverplassen barnehage. Dei som spådde at opninga av privat barnehage på Holstad fekk store konsekvensar for dei kommunale barnehagane, fekk dermed rett. Utrekningar viser at noverande underdekning på Syverplassen og Brandal barnehagar gir nærare 1,2 mill. tapte kroner på årsbasis. Hareid kommune kan med andre ord ikkje leve med dagens barnehagestruktur. Rådmannen foreslår derfor å handle raskt og legge ned barnehagen før august -07, som først var sett som nedleggingsdato.

Foreldre i Hareid sentrum vel bort Brandal

Det har vore vanskeleg å fylle opp dei tjue plassane i Brandal barnehage i fleire år - men sidan ein del barn i kommunen har stått på venteliste, har kommunen kunna fylle opp i Brandal ved å flytte born, som høyrer heime i andre krinsar, dit. Men dette let seg ikkje lenger gjere etter at Holstad barnehage kom. No er det brått blitt færre søkjarar enn plassar i dei kommunale barnehagane. Den nye situasjonen har også vist at foreldre i Hareid sentrum som har fått auka valfridom, ikkje vel Brandal til borna sine.

Også flukt frå Syverplassen

Ved siste årsskifte slutta fem barn ved Brandal barnehage og vart flytta til Holstad barnehage. Med den drifta som er ved Brandal barnehage idag blir det eit tapt statstilskot på kr. 304.140 pr. år og tapt foreldrebetaling på kr. 101.110 pr. år, tilsaman 405.214 kroner på årsbasis. Men også på Syverplassen har barnetalet gått sterkt ned. 18 har slutta, medan berre 5 nye har kome til. 11,8 fulle plassar står ledige ved barnehagen. Det betyr tapt statstilskot på kr. 558.034 og tapt foreldrebetaling på kr. 238.000 - tilsaman kr. 796.034 pr. år. Hareid kommune har budsjettert med berre små nettokostnader for desse to barnehagane i 2007. Ein reduksjon i personalgruppene ved dei to barnehagane kan dekke opp for litt av inntektstapet, men ikkje mykje, går det fram av dei kommunale sakspapira.

Må sjå dei tilsette i barnehagane i Hareid under eitt

Ein del av personalet i Brandal kan overførast same veg slik at borna frå Brandal får kontinuitet i tilbodet og ikkje berre ukjende å forhalde seg til på Syverplassen. I sakspapira blir det også streka under at ein ved nedlegginga av barnehagen i Brandal må sjå dei tilsette i barnehagane i Hareid kommune under eitt - og ein må gå i dialog med dei tillitsvalde og tilsette for å få til den best mulege ordninga for alle. I dei andre kommunale barnehagane - Hjørungavåg barnehage og Hareid barnehage - er det ikkje ledige plassar.