Ein hareidsmann fortel til Vikebladet Vestposten at han i løpet av den siste veka fekk tre e-postar med Nordea-logo og svensk tekst der ein bad konto-innehavaren om å klikke seg inn på ei lenke og oppgi bankkontonummer og kode i høve banken si oppgradering av "mjukvaran". Flø fortel at dei er klar over svindelforsøka. - Dette er noko som pågår frå tid til anna i alle bankar. Det er svindlarar "der ute" som prøver å skaffe seg tilgang til folk sine bankkontoar for så å tøme dei. Vi har enno ikkje høyrt om nokon som har bite på agnet, men kundane kan vere heilt trygge på at vi aldri ville finne på å gå ut og be om slik informasjon. Så desse e-postane er det berre å slette. Flø fortel at svindlarane har kopiert banken sine nettsider og logoar, skaffa seg adresselister over kundar og sendt ut dei falske e-postane i von om at nokon vil bite på. - Veit banken kven som står bak svindelforsøket? - Nei, det anar vi ikkje.