Sentralt i prosjektet som skal hjelpe Irland med å få opp ein stamme med havørn er Alv Ottar Folkestad frå Ulstein. I fjor vitja han nasjonalparken Kerry i Sørvest-Irland, og i denne veka reiser han på ny tur til Irland. Denne gongen for å halde foredrag om havørn i Dublin. Prosjektet med å gjenninnføre havøra i Irland er eit samarbeid mellom irske og norske styresmakter. Folkestad opplyser at planen er å eksportere havørnungane over ein femårsperiode, og at det truleg blir snakk om ca. 20 ungar i året. Dei fleste havørnungane som skal bli irar vil bli henta frå reir i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Trøndelag og Hordaland. Både fordi transportvegen skal vere kortast mogleg, men også fordi det er i desse fylka havørna produserer flest ungar. Folkestad understrekar at ein føresetnad for å ta ungar frå havørna, er at der er minst to ungar i reiret. Tvillingkull er nokså vanleg, og ein sjeldan gong hender det også at der er tre ungar i reiret. Folkestad ser ikkje bort frå at nokre havørnungar blir vidareført frå vår region til Irland. På 1960-talet var havørnbestanden i Noreg nede 700-800 par. I 1968 vart havørna freda, og Folkestad opplyser at ei teljing i 2000 avdekte at Noreg har om lag 2200 par med havørner. I dag er talet endå høgare. I Møre og Romsdal er bestanden i alle fall på 350 par, og dette talet skal gangast med fire, for å få med rekruttane.

Var utrydda også i Skottland

At havørna vart utrydda i Irland er menneska si skuld, og Folkestad opplyser at det same skjedde i Skottland. Der vart det starta eit gjenninnføringsprosjekt som gjekk frå 1975 til 1985 og frå 1993 til 1997. Også i det skotske prosjektet kom havørnungane frå Noreg, og den aller første ungen som gjorde skotte av seg kom frå Rauma. Men dei fleste av dei i alt 128 havørnungane i skotteprosjektet kom frå Nord-Noreg. I dag har Skottland ein bestand på mellom 35-40 havørnpar. Det tek lang tid å byggje opp att bestanden sjølv om vi jobbar systematisk, slår Folkestad fast. Han opplyser at havørna trekkjer til seg turistar, ikkje minst til øya Mull. Plussverdien i reiselivet er rekna ut til å vere på 15-20 millionar kroner i året.