Ulstein tekniske utval godkjende oppføringa av brakkerigg på Ulstein Verft Eiendom AS sin eigedom gnr. 7, bnr. 726. Utvalet godkjende flatt tak som oppført. Dette med bakgrunn i at naboar og søkjar ønskjer det. Utvalet meiner riggen ligg godt skjerma og utforminga er i samsvar med andre riggar i området. Teknisk utval grunngjev vedtaket med at oppføringa av denne brakkeriggen truleg vil gje større fordelar for Ulstein Verft AS enn kva ulemper dette tiltaket vil gje naboane. Utvalet syner vidare til at det frå før har vore brakkerigg i området. Sjølv om denne brakkeriggen vil ha to etasjar, kan ikkje utvalet sjå at dette vil gje noko vesentleg reduksjon i utsikt, lys og sol for naboane. Utvalet fann difor ikkje grunnlag til å ta klagen frå naboane til følgje. Utvalet vil sterkt påtale at arbeidet med riggen var starta på før godkjenninga låg føre.