Truls Røyset Håbakk (19) er nominert som mottakar til Drømmestipendet 2010. Foto: Leiv Arne Grimstad

Ein million kroner skal delast ut på 100 mottakarar over heile landet. Det betyr 10.000 kroner på kvar av vinnarane.

I år er 24 unge talent frå Møre og?Romsdal nominerte til?Drømmestipendet 2010.

– Totalt er 249 utøvarar nominerte. Alle er gode Drømmestipendet-kandidatar med kulturelle draumar som Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd veldig gjerne vil hjelpe å realisere, seier Lars Emil Johannessen, prosjektleiar for Drømmestipendet.

Det er sjuande år på rad at dette stipendet vert delt ut til enkeltpersonar og grupper. Torsdag 3. juni vert det offentleggjort kven som tek imot pengane. Same dag og i dagane rett etter, vert det lokale utdelingar over heile landet. Utøvarane som får Drømmestipendet har stor utviklingslyst og talent innan kulturuttrykk som dans, musikk, skapande skriving, sirkus, teater og visuell kunst.

For å ta imot stipendet kan mottakar ikkje vere over 20 år, og ikkje vere etablert som kunstnar.

Dei 24 nominerte frå Møre og Romsdal er:

•Aure: Elisabeth Torstuen, musikk

•Averøy: Marte Sofie Leithaug, musikk

•Eide: Hillevi Halås Eltvik, musikk

•Fræna: Strykere frå Fræna, musikk

•Gjemnes: Tormod Kvalvaag, musikk

•Halsa: Øyvind H. Weiseth, musikk

•Hareid: Truls Håbakk, musikk

•Herøy: Sebastian Kvalsvik Frøystad, musikk

•Kristiansund: Bjørnar Nilsen Øksenvåg, musikk

•Midsund: Fredrik Raknes og Aksel Reiten, musikk

•Molde: Kari Olsson, bildekunst

•Nesset: Eirik Fagerslett, musikk

•Norddal: Thea Marie Ytterdal, musikk

•Rauma: Drive Division, musikk

•Sande: Erlend og Kristian, musikk

•Skodje: Falcón’s Duett, musikk,

•Stranda: Andreas Havnen Hansen, musikk

•Sula: Siril Malmedal Hauge, musikk

•Sunndal, Henrik Sandbukt, musikk

•Surnadal: Ruth Amalie Lervik Henden, bildekunst

•Vanylven: Michelle Nordal Santos, bildekunst

•Vestnes: Oda Kvalsvik Stenberg, musikk

•Volda: Aurora Sundne Skaland, dans

•Ålesund: Ilya Glazkov, dans