- Interessa for yoga har verkeleg eksplodert i Norge dei siste 10 åra. For meg er yoga

eit verktøy eg bruker til å forbetre mitt eige liv. Yoga bevisstgjer ikkje berre kroppen vår, men grip etterkvart inn i alle delar av livet, seier yoga-lærar Johanna Myklebust frå Ulsteinvik. Ho starta opp med yoga i Ulsteinvik i mai ifjor, og har sidan den gongen opplevd større og større interesse for kvar månad som går. I dag driv ho eige yoga-studio i Ulsteinvik sentrum, og tilbyr kurs for både nybegynnarar og vidarekomne.

Runde Miljøsenter

Det var marinbiolog Annelise Chapman ved Runde Miljøsenter som tok initiativet til ei internasjonal yoga-helg på Runde. Ho trenar sjølv yoga på Hadar Yoga, og saman med Johanna Myklebust har ho no laga eit fullt program med med yoga, alle måltid, losji og innlagd fjelltur til Fuglefjellet - frå 4. til 6. juni i år. Runde Miljøsenter har 7 komplette leilegheiter med til saman ein kapasitet på 35 personar. Men et er óg lagt opp til at ein kan melde seg på og ordne innkvartering sjølv.

Ursula Snyder

Dei to yoga-entusiastane har i tillegg til Rakel Rugås frå Stavanger, sikra seg Ursula Snyder som gjestelærar for yoga-kurset. Ho har utdanninga si frå New York City, og underviser i såkalla «Iyengar-» og «Ashtanga-yoga.» Alle timane til Ursula vert heldne på engelsk.

Få menn

Johanna Myklebust fortel at manneandelen på yoga-kursa hennar er svært lav. Sidan oppstarten i mai ifjor har Johanna hatt over 200 kvinner på kurs, men berre 5 menn. Men både Johanna og Annelise håper og trur at mannfolka vil bli meir nysgjerrige etterkvart:

- Yoga er ganske nytt her på Sunnmøre, og mange menn har nok den oppfatninga at fysisk fostring må vere eksplosiv for å kunne ha noko effekt. Men i dei store byane her i landet er det ei mykje jamnare fordeling på kjønna, seier Johanna Myklebust.