Down Town Teachers spelar på opningsdagen førstkomande fredag.

Det har lenge vore planlagt å gjere noko med 2 etg på Skibet i Ulsteinvik. Lokalet har stått uendra sidan "Snorrebuda" heldt til i lokala.Fram til no har lokalet for det meste vore brukt til diskotek med musikk frå dei siste fire tiår. No vert dette lokalet endra til å bli eit flott danse-, og konsertlokale! Rett og slett ei ny underhaldningsscene i Ulsteinvik.

Det vert mykje live-musikk, blues, rock og danseband, trubadurar, pianistar og grupper frå fjærn og nær. Innimellom vert det også discotek med mykje gode slagerar.

Nytt selskapslokale

Lokalet har fått nye møblar, golv, bardisk, utsmykking og nytt lyd/lys anlegg. Det kan også brukast som selskapslokale, både for private og bedrifter.

Lokalet vil ha plass til ca 50-60 personar som selskapslokale.

- Vi har prøvd å gjere lokalet meir intimt, men samtidig tilrettelagt for forskjellig bruk, alt i ein maritim stil, seier Karl Johan Barstad, som er innleigd som prosjektleiar.

Down Town Teachers

På ny-opninga fredag vert det eit gjensyn med ingen ringare en Down Town Teachers, eit meget populært band som oppstod for over ti år sidan, basert på lærarane i musikkskulen. Laurdag får vi storfint besøk av The Douglas Group, som er eit Britisk/Norsk Bluesband, som mellom anna delar frontfigur med Woodleg Odd!

Karl Johan Barstad lovar ei knallopning med musikk av særs høg kvalitet. Det skal nok vere mogleg å få svingt på dansefoten, sidan dei har teke vare på det store dansegolvet i lokalet.

Dansehelg

Neste helg vert det endå meir dansemusikk, då blir det Dire Straits tributebandet "Brothers in Arms" som spelar på fredag, og på laurdag spelar Contrybandet Cashwille frå Ørsta.

- Det blir live-musikk kvar helg fram til jul i samband med julebord, og vi kan nemne at det framleis er ledige plassar enkelte helger, berre ta kontakt, seier bookingansvarleg for selskap, Fredrik Alvestad.

Med nyopninga av andreetasjen lanserer Skibet ein heilt ny meny, som inkluderer både 3-rettersmeny, smårettar og barsnacks, Menyen blir endå meir rikhaldig etter at jula er over, lovar dagleg leiar Liping Zahn.

Her ser vi Thomas Nielsen byggje den nye baren i andreetasjen. Foto: pressefoto
Down Town Teachers spelar på opningsdagen førstkomande fredag.