I eit omfattandae samarbeid mellom reiselivsaktørar, Innovasjon Norge, Vanylven Utvikling og Osberget, er målet å samle søre Sunnmøre og ytre Nordfjord i eit reiselivsområde.

At magasinet no er ute i sirkulasjon markerar startskotet på denne nyskapningen i reiselivssatsinga, som femner både om delar av Sunnmøre og Nordfjord. Prosjektet har vakt begeistring mellom fleire kommunar og aktørar innafor det ein meiner er ein ”gløymt region” i reiselivssamanheng.

Satsinga består av meir enn eit magasin og eigen nettstad. Det vert også laga applikasjonar for mobiltelefonar, der ein med enkle taste trykk kan få opp kart, bilete og informasjon om sjåverdigheiter og aktørar langs ruta. Dei ulike stadane vil elles bli merka med ein plakett og vere til stades på sosiale media.

Små og store reiselivsaktørar ser i spaning fram til resultatet av storsatsinga, som representerar noko heilt nytt i vår region. Ein trur at tilboda vil appellere like mykje til folket i eigen region, som tilreisande frå andre områder.

Prosjektleiar er Magne Grimstad Jr. i Fantastiske Osberget.

Framsida på nysatsinga Kapp Det Gode Liv Foto: Fantastiske Osberget