Oskar Grimstad (57) frå Hareid gir seg som fylkesleiar i Møre og Romsdal Frp.

Det skjer på fylkesårsmøte i Molde første helga i februar.

Avgangen betyr ikkje at Grimstad trappar ned det politiske arbeidet. Han er stortingsrepresentant for Møre og Romsdal og sit i den prestisjetunge Energi og Miljøkomiteen.

Dette er andre omgangen Oskar Grimstad har leia fylkeslaget. Første gongen på 90-talet, før han i 1999 vart innvald i sentralstyret i partiet og sat der i 10 år. Dei siste fire åra også som medlem i AU som dei fem fremste tillitsvalde i partiet.

Valnemnda i Møre og Romsdal Frp innstiller Ronny Blomvik (Sula) til ny leiar i fylkesstyret.