Øystein Orten er ute med ei novellesamling. Foto: Foto: Det Norske Samlaget/Odd Goksøyr

Øystein Orten tek oss med til kystsamfunnet Sjabervik, der han skildrar bygda og menneska i fortid og notid. Stilsikkert og med stor empati tek ha for seg dei som har hamna i utkanten av dette samfunnet.

Persongalleriet spenner frå den ulukkelege husmannen Angel til den talentfulle fotballspelaren Ruban. Vi møter mellom andre ein dansk kapellan, ei gravid tenestetaus, ein halt ferjematros og ein bitter vararepresentant til kommunestyret,

Bygda Sjabervik blir sjølv ståande som ein viktig hovudperson, der ho famnar om dei øvrige karakterane og liva deira, til alle tider, eit bilete på den allmenne og stadige. Bygda, med sine bratte fjell, urolege sjø, mørke himmel og glimt av lys.

Øystein Orten (f. 1962) har tidlegare gjeve ut både lyrikk og romanar, og seinaste utgjeving er krigsdokumentaren "Himmelen over Shetland" (2009).