Kolshus Hopland skal ha seks timar per veke ved Hareid sjukeheim. Nataliya Overå har hittil hatt 12 timar som tilsynslege ved Hareid sjukeheim, men har ønska å få redusert stillinga til seks timar per veke. Og Ingvill Kolshus har sagt seg villig til å ta dei seks timane som blir ledige.

Saka har vore drøfta med leiaren for omsorgsetaten, og det er funne ei tenleg arbeidsfordeling mellom legane.

Både Nataliya Overå og Ingvill Kolshus Hopland er legar ved Hareid legesenter. Legar med fastlegeheimel kan tilpliktast kommunal deltidsstilling med inntil 7 timar per veke.