Martin Jung Leine

- Hadde det vore råd å bruke all denne energien, kunne den erstatte alle andre energikjelder, fortel Martin Jung Leine, leiaren for Kompetansesenteret for havenergi ved Runde Miljøsenter. Søndag held han foredrag om energien i havet – og om bølgjekraft på Runde

Vanskeleg teknologi

Korleis oppstår bølgjer? Kva slags energi blir lagra i havet? Og kva må til for å ta i bruk denne energien til straumproduksjon? Særleg det siste spørsmålet er det mange som jobbar med. Andre igjen er skeptiske til at det i det heile er råd å få til.

- At energien finst der, er det ingen tvil om, seier Martin Jung Leine.

Men så langt er det ingen som har greidd å utvikle anlegg for produksjon av straum som toler å stå i sjøen over tid. Men det er mange som vil prøve. Runde Miljøsenter er vertskap for produsentar frå fleire land som vil teste bølgjekraftverka sine i sjøen under tøffe tilhøve.

Bølgjekraft

- Eitt har allereie vore til utprøving i eit år. Det neste kjem om kort tid. Til no er det i alt fem produsentar som har stadfesta at dei vil teste anlegga sine her ved Runde, fortel Jung Leine. Den danske sivilingeniøren vart i juni tilsett som prosjektleiar for å bygge opp Kompetansesenteret for Havenergi ved Runde Miljøsenter. Og det er ikkje berre bølgjekraft han er oppteken av:

- Bølgjer, vind og tidevatn ber på rein og fornybar energi som menneska kan utnytte til straumproduksjon. Men utfordringane for å få det til er mange, seier Jung Leine.

Søndag fortel han om det enorme potensialet i havet i det gratis foredraget. Kaféen er open.