Problemet for skulen sin del er at dei alt har søkt kommunen om å få bruke barnehagelokala som base for skulefritidsordninga. Etter at barnehagelaget melde seg på bana og ville halde fram med privat drift, har rektor Aud Grimstad vurdert om skulefritidsordninga kunne greie seg ved å gå inn i eit sambruk om klasseroma. Men dette har rektor funne uønskeleg - av flerie grunnar. Ho peiker først og fremst på at klasseroma har fastmontert innreiing og dermed vil høve dårleg til SFO. I eit møte om saka har også administrasjonen i kommunen sagt seg negativ til fleire private barnehagar sidan det i dag er god kapasitet i dei kommunale barnehagane. Saka kjem fram i Hareid formannskap torsdag 23. august. Rådmannen går imot Brandal barnehagelag sin søknad om å leige dei tidlegare barnehagelokala ved Brandal skule ved å vise til det som kjem fram i saksutgreiinga. Administrasjonen i kommunen strekar likevel under at det er opp til barnehagelaget å formelt søke om privat barnehage.