Det blir meldt om ein viss nedgang i hjortestammen på Søre Sunnmøre.

Landbrukssjef Liv Bente Viddal i Ørsta kommune fortel at dei manglar 2011-resultata frå eitt vald, men det er alt klart at utbyttet av hjortejakta 2011 i Ørsta kjem til å ligge godt under utbyttet dei to føregåande åra:

- I 2009 og 2010 vart det felt over 900 hjortar her i Ørsta. I år blir resultatet cirka 800 dyr - pluss minus.

Resultatet samstavar med det inntrykket som blir gitt rundt i valda. Det er ikkje fullt så mykje hjort no som det har vore nokre år.

- Det har også vore ein villa politikk å få ned bestanden, sier Viddal, som også tillegg to harde vintrar noko av ansvaret for reduksjonen.

- Vi har fått mange meldingar om “fallvilt”, fortel ho.

Viddal fortel at ei av årsakene til at dei vil ha ned hjortebestanden er store beiteskadar, særleg i Bondalen.

Ho legg til at målet om å få ned bestanden er langsiktig - og ikkje let seg nå på berre eit år eller to.

* Som tidlegare meldt har det vore nedgang i fellingsresultata i både Herøy og Ulstein, medan jegrane i Hareid skaut ein del fleire dyr i 2011 enn i 2010. Men samanlagt for Herøy, Ulstein og Hareid var det ein nedgang.