6. klasse ved Hasund skule.

Dei skal lage kunst som skal hengast opp om bord i det gassdrivne offshorefartøyet Viking Prince som er under bygging ved Kleven Verft.

I førre veke vist prosjektleiar Øystein Djupvik på Kleven Verft og representantar frå reiarlaget Eidesvik klassa rundt om bord i fartøyet der kunsten deira skal henge.

Eit slikt stort fartøy er ein svært hektisk byggeplass i denne fasen, og klassa blei invitert tilbake ved eit seinare høve når båten er nærare ferdigstilling.

Viking Prince er byggnr. 346 frå Kleven Verft, og skal leverast i slutten av mars.