- Det kristne konservative partiet opplever at fleire og fleire melder si interesse for partiet. Vi trur at tida er inne for å markere seg ved fylkestings- og kommunevalet i haust, skriv landssekretær Kristine T. Røren i Kristent Samlingspart i ei pressemelding. - Er du interessert i kva partiet står for, så kom på nominasjonsmøtet onsdag på Ulstein Rådhus, oppmodar ulsteinkvinna Røren.