Vikebladet Vestposten skreiv 13. mars at varsellysa blinka for Coop-butikken i Hjørungavåg. Omsetningssvikten vart i fjor på 5,7 prosent, og administrerande direktør Helge Talberg stadfesta at dersom folk framleis ville ha butikk i Hjørugnavåg, så måtte dei nytte han til anna enn suppleringshandel.

"Berre blåbær samanlikna med svikten i Ulsteinvik"

Etter dette oppslaget tikke det inn tips om at omsetningssvikten i Hjørungavåg var blåbær samanlikna med svikten hos Coop Mega i Ulsteinvik og Coop Prix i Hareid. Og at svikten var aller størst i Ulsteinvik. Men Talberg er knapp i kommentarane når det gjeld Coop Mega: Vi vil ikkje gå ut med forretningsløyndomar. Vi vel sjølve kva vi vil gå ut med, svarer han. Men han stadfester likevel at omsetninga har gått ned. Og at det etter hans syn er ei overetablering i daglegvaremarknaden i Ulsteinvik. Talet på innbyggjarar har ikkje vakse i monaleg grad dei siste åra. På få år har både Lidl og Meny dukka opp i Ulsteinvik, og etter ein periode utan Rimi-butikk segla Bunnpris inn i same lokalet i sentrum. I tillegg freistar Rema med låge prisar på Geileneset, og Spar har butikkar både på Straumane og Hofsethaugen.

Svarer med utviding i Ulsteinvik

Men Coop Nord-Sunn rustar seg til kamp. Talberg opplyser at til påske neste år skal det opnast ein kraftig utvida Coop Marked-butikk i Blåhuset. Butikken skal bli større både arealmessig og i vareutvalet. Styret tenkjer sentralisering? Butikken på Haddal er alt lagt ned, og varsellysa blinkar for Coop Marked i Hjørungavåg. Vi ser at regionssentera veks på kostnad av bygdene. Vi må vere der det er vekst, viss ikkje taper vi, svarer administrerande direktør Helge Talberg i Coop Nord-Sunn.