Politiet skal no orientere forretningsdrivande i regionen om at det er kriminelle bander i sving som set overvakingsutstyret i butikkane ut av spel, til dømes med taping. Deretter tek dei ein liten avleiingsmanøver før dei går i gang med steglinga. Lensmann Odd Kulø understrekar at dei ikkje har haldepunkt for å påstå at det er gjestearbeidarar som står for denne aktiviteten. Det kan like gjerne vere omreisande kriminelle bander. Statistikken for Ulstein og Hareid lensmannskontor og Herøy og Sande lensmannskontor vart for første gong slått saman til ei eining i 2006. Talet på dei mest alvorlege forbrytingane var i fjor 490, (mot 474 i 2004 og 389 i 2003).

Banda stal varer for over 100.000 kroner

I fjor vart det registrert 160 vinningssaker på Ytre Søre, (140 og 143 åra før). Vi klarer ikkje heilt å forklare den dårlege utviklinga. Men ein del gjestearbeidarar vart pågripne for nasking i fjor, og tre omreisande polakkar som vitja regionen vår i fjor stal for over 100.000 kroner, opplyser Kulø. Godt politiarbeid på tvers av distrikta gjorde at saka vart oppklara. Etter pågripinga fekk dei ein rask dom og vart sende rett i fengsel. Domane vart frå 6 til 4 månader.

Knivstikking

73 alvorlege valdssaker i fjor (72 og 53 åra før) er også ei utvikling som politiet likar dårleg. I denne statistikken ligg både familie- og utevald. Mykje av valden skjer utanfor skjenkestadene i Ulstein, Fosnavåg og Hareid. I fjor var det fleire stygge valdssaker, blant anna to tilfelle der det vart brukt kniv. Politiet slår fast at fleire og fleire gjestearbeidarar har kome inn på statistikken. I fjor vart både kvinner og menn utstyrte med valdsalarm.

Narkotikaen har fått skikkeleg fotfeste

Men i narkotikasaker er det først og fremst distriktets eigne sokneborn som florerer. I fjor vart det avdekt 108 tilfelle av narkotika (100 og 51 åra før). Og tala er temmeleg likt fordelte mellom Hareid, Herøy og Ulstein. Narkotikaen har fått eit skikkeleg fotfeste her ute på holmane våre, slår politioverbetjent Robert Hjelmeseth fast. Dessverre var det mange nye personar som kom inn på listene våre i fjor, legg han til. I fjor vart det blant anna kverrsett 830 g. hasj i ein jafs. Det var lagt beslag på om lag 100 gram amfetamin, ein person åleine hadde 30 gram, ein annan sat på 35 ecstasytablettar. Det vart også kverrsett nokre mindre mengder med GHB i fjor. Dei fleste personane som var involverte i narkotikasaker i fjor var mellom 18-30 år, men der finst personar på godt over 50 og ned til 16-årsalderen. Vi er sikre på at det er godt over 150 personar som er flittige misbrukarar av narkotika på ytre søre, og dei mest iherdige dukkar ofte opp i sakar i Ålesund og Ørsta/Volda også, fortel lensmann Per Otto Myklebust i Herøy og Sande.

God oppklaring på forbrytingar

Sedligheitssakene stod berre for 4 prosent av forbrytingane i fjor, men politiet oppmodar likevel foreldre om å passe på kva dei håpefulle styrer med på nettet. I fjor vart det avdekt ei stygg sak der to svært unge jenter i distriktet var involverte. Politiet på Ytre Søre klarde i fjor å oppklare 51,3 prosent av forbrytingane. Målet var 45 prosent oppklaring. Men vi er ikkje nøgde med at berre 17,3 prosent av vinningsforbrytingane vart oppklara, kommenterer Odd Kulø. Dei er derimot godt nøgde med at politiet på Ytre Søre har klart å få fortgang på søknadene om arbeids- og opphaldsløyve. Tidlegare kunne det gå opp til 3-4 månader før løyva var i boks, no tek det ca. 14 dagar.

Fleire ledige vikariat

Totalt har politiet på Ytre Søre 20 årsverk. Men politiet blir stadig pålagde fleire arbeidsoppgåver, og Kulø meiner at noko av årsaka til at økonomien i fjor var bra, kom av at fleire stillingar var vakante. Vi klarer ikkje å fylle opp vikariata, berre dei faste stillingane, fortel han. Frå mars i år kjem det til å vere tre ledige vikariat i nærare eit år framover. Når det då høyrer med til historia at driftseining Ytre Søre har ein IKT-etterforskar som skal hjelpe både Nordfjord og Sogn og Fjordane, at dei har vore i førarsetet når det gjeld politireforma, har superbrukarar på tunge dataprogram som skal serve heile Sunnmøre, ein politi med førarhund som skal hjelpe heile politidistriktet, ein instruktør på operative disiplinar, og ein betjent som er spesialist på domsavgjerder, så seier det seg sjølv at tida kan bli i knappaste laget både til å oppklare saker og til å vere ute blant publikum. Vi sit på mykje kompetanse, men får ikkje kompensert for at folka våre blir lånte ut til heile politidistriktet, meiner Kulø. Lensmann Per Otto Myklebust leier eit utval som skal greie ut eit vaktsamarbeid med Ørsta, Volda og Vanylven når Eiksundsambandet opnar.