Jarle Furset, Kåre Furset og Svein Furset har gått saman og skrive eit felles brev til Ulstein kommune der dei peikar på kritikkverdige høve ved storleiken på det nye oppdrettsanlegget.

Fleire moment

Dei meiner storleiken og plasseringa vil virke svært dominerande og utgjere visuell forsøpling av området. Anlegg av denne storleik vil medføre både verdifall på fritidsbustadene på sørsida av Eika, og øydelegge idyllen i området. Dei kan heller ikkje finne fôringsanlegg innteikna i planane. Alt etter kvar dette vert plassert vil det kunne medføre støy og båttrafikk som kan høyrast i hyttefeltet, seier dei. Dei bekymrar seg òg for anlegget sin innverknad på det eksisterande sjølivet. Området er frå før brukt til rekreasjonsområde, bading og fiske.

Taksering

Grunneigarane opplyser om at dei vil ikkje tillate framføring av straumforsyning over deira grunn, og dei ynskjer ikkje at Fjord Farming skal kunne fortøye oppdrettsanlegget på ein slik måte at det hindrar noverande og framtidig disponering av området. Dei ynskjer å taksere eigendommane sine før og etter utbygging av eit slikt anlegg, og fremje erstatningskrav ved verditap. Grunneigarane uttrykker òg bekymring over om små båtar vil måtte går utanfor anlegget for å passere, sidan fortøyingane er teikna heilt inn mot land på kartet. Vind og bølgjeforhold vil gjere det vanskeleg for små båtar å passere, meiner dei.

Forureining

Det er ikkje berre grunneigarar som har merknader. Kjell-Arne Sundgot i Norges Kystfiskarlag avdeling Sunnmøre har òg sendt brev til Ulstein kommune. Kystfiskarlaget er bekymra for det dei kallar "fôr-forpesting" av villfisk i fjordsystemet. Dei peikar på at denne fjorden allereie har mange oppdrettsanlegg, og at der er påvist kvalitetstap i villfisk. Dei seier vidare at straumforholda er gunstige for lokal forureining, og medverkande til spreiing av overskuddsfôr til store område av fjorden. Dei krev overvaking av alle anlegga, for å hindre spreiing av fôr. Dersom dette ikkje skjer, ber dei kommunen føre ei restriktiv linje i høve nye konsesjonar i dette området.