Det er orgelbyggmeister Matthias Becker som fekk oppdraget med ombygginga av orgelet. Becker held til i Fredrikstad, men kjem til Ulsteinvik i morgon. Måndag tek han til med arbeidet i Ulstein kyrkje. Orgelbyggmeisteren reknar med å bli ferdig i september.

Fleire stemmer

Kyrkjeorgelet har vore tema i Ulstein sokn i fleire år. Spelepulten til orgelet er plassert midt mellom alle orgelpipene, så det blir ein veldig høg lyd for kantoren som sit og speler på orgelet. Kantor Ståle Helvig fortel at dei har fått målt lydnivået på orgelet, og det vart veldig høgt. For å betre arbeidsmiljøet vil dei flytte spelepulten til venstre side av orgelhuset. Då vil Helvig òg få betre oversikt over kyrkjerommet og alteret. Ved å flytte spelepulten, får orgelet ei fasadeendring. Ei slik endring måtte opp til godkjenning av Riksantikvaren. På grunn av at Riksantikvaren var sein med godkjenninga, er arbeidet med restaureringa nesten ein månad på etterskot samanlikna med den opphavlege planen. Sidan orgelet likevel skulle arbeidast med, fann soknet ut at dei ville utvide kyrkjeorgelet med ei ekstra stemme. Etter kvart som dei diskuterte kyrkjeorgelet, kom dei fram til at orgelet trong to stemmer til. Summa Summarum er det no tre nye stemmer orgelet skal få. Biskopen i Møre og Riksantikvaren har no godkjent planane om ombygging av orgelet i Ulstein kyrkje. I godkjenningsbrevet skriv biskopen at han har drøfta saka med domkantor Leif Olav Sundsbø, som tidlegare har vore kantor i Ulstein og difor kjenner kyrkja godt. Sundsbø uttalar at den planlagde ombygginga er svært fornuftig, og at han er stør at orgelet skal bli utvida med tre stemmer.

Tenkje alternativt

Fram til september får Ulstein sokn låne eit lite kisteorgel vederlagsfritt frå Matthias Becker. Ståle Helvig har framleis ikkje sett orgelet når Vikebladet Vestposten er innom kyrkja for å snakka med han. Helvig er skeptisk til at lyden i reserveorgelet vil bere like godt. Han trur nok han vil bruke ein del piano i gudstenestene. Det kan òg vere aktuelt å få i stand eit lite orkester med ulike instrument. Me må nok tenkje annleis. Dette kan vere litt spanande, seier kantoren. Men han legg ikkje skjul på at soknet har ein del hendingar frametter der han helst skulle hatt eit skikkeleg kyrkjeorgel. Snart kjem påska, så er det konfirmasjonane og bryllaupa.

Fredrikstadturar

Orgelbyggmeisteren vil i første omgang ta ned spelepulten, som han tek med seg til Fredrikstad og arbeider på derifrå. Når han er ferdig, kjem han tilbake til Ulsteinvik og monterer han opp. Deretter tek han ned vindladen. Det er brettet der pipene står. Vindladen får seg òg ein fredrikstadtur der det blir fiksa på, før det til slutt blir montert opp att i Ulstein kyrkje. Så ein gong i september skal Ulstein kyrkje ha eit nyrestaurert orgel på plass.