Samstundes som ODIM kunngjer at selskapet deler det gode resultatet for 2006 med sine tilsette i form av gode bonusar tikkar det stadig inn nye kontraktar i ordreboka deira. Det siste er ei kontrakt på om lag 60 mill. inngått med Arrow Seismic som stadfestar ein opsjon på eit komplett system for å handtere 12 lyttekablar. Denne siste kontrakten gjeld utstyr til Arrow Seismic sitt bygg 534 i Spania og er den siste av i alt fire opsjonar for selskapet. Etter planen skal utstyret leverast sommaren 2008. Idar Hatløy, som er leiar for seismikk-segmentet i ODIM, seier i ein kommentar at dei er veldig stolte av det gode og langvarige tilhøvet dei har hatt til Arrow Seismic, som er eit dotterselskap av GC Rieber Shipping ASA. Han gir uttrykk for at denne siste opsjonsinnløysinga viser at det framleis er god aktivitet i marknaden for seismikk. Teknologiselskapet ODIM ASA er i sterk vekst og sel avanserte automatiske handteringsløysingar, først og fremst for kabelsystem og vinsjar til offshorefarty, men også til militære farty. Selskapet har i dag ein leiande posisjon innan utvalde marknadsnisjar. Gjennom etableringar i Nord-Amerika har selskapet også ein solid posisjon i forsvarsmarknaden vert det opplyst i ei pressemelding der det også vert fortalt at ODIM i tida framover kjem til å satse tungt på den mykje lovande marknaden for aktivitetar på djupt vatn.