Nesset Eiendom AS søkjer om å utsetje flyttinga av brakkeriggen i Saunesmarka. Brakkeriggen hyser noko av den innleigde arbeidskrafta ved Kleven Verft. I søknaden vert det argumentert med at aktiviteten ved verftet er høg på grunn av mange nye kontrakter. Det vil kome endå meir innleigd arbeidskraft over nyttår. Nesset Eiendom kan ikkje sjå at det til no har vore problem med å ha folk buande på industriområdet i Saunesmarka.