Bak frå venstre: Jan Peter Skrede Gjerde, Christoffer Lausund Johansen og Sigve Overå Hide. På benken: Nathaniel Eiksund Brekke, Simon H. Grimstad, John Henrik Kvalsund og Jan-Erik Bjåstad Tennfjord. Foto: Synnøve Overå Hide

Speidargruppa Rev brukte speidarmøtet torsdag 6.mai til å rydde litt rusk og rask. Nokre starta på Grimstad og nokre starta ved Dybhavn-krysset og rydda langs gangvegen. I tillegg var nokre Revar nede ved parken og rydda.

Etterpå smakte det nydeleg godt med ein is.

Alle var samde om at det hadde vore ein flott ryddeaksjon.