(arkivfoto) Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Maritim Forening for Søre Sunnmøre (MAFOSS) har tilsett Jan Thormodsæter frå Ulsteinvik i ei 80% stilling som opplæringskoordinator.

Jan Thormodsæter er 42 år og er busett i Ulsteinvik. Han er i dag avdelingsleiar i Via Travel i Ulsteinvik med ansvar for eventavdelinga. Han vil tiltre si nye stilling i løpet av sommaren/ettersommaren 2010.

Stillinga som opplæringskoordinator er ei endra stilling frå ei tidlegare meir administrativ kontorstilling. Som opplæringskoordinator vil Thormodsæter få hovudansvaret for aktivitetar knytt til opplæring, kompetanseutvikling, rekruttering og skule/næringslivssamarbeid til felles nytte for medlemsbedriftene, samt følgje opp fellesaktivitetar i regi av medlemsbedriftene.