I ein situasjon der det vert stramma inn på fleire område er vi godt nøgde med at næringsminister Giske og regjeringa har prioritert stabilitet i rammevilkåra for rederia og norske sjøfolk. Det er viktig for at Norge skal kunne gripe dei store mulegheitene for auka verdiskaping og fleire maritime arbeidsplassar langs heile kysten, seier Sturla Henriksen, administrerande direktør i Norges rederiforbund i ei pressemelding.

Henriksen framhevar vidareføringa av den gunstige rederiskatten og refusjonsordninga for sjøfolk som avgjerande for vidare vekst i sektoren.

Forslaget til statsbudsjett er med på å styrke tilliten til regjeringa sin maritime strategi, heiter det vidare i pressemeldinga.

Stavanger Aftenblad melder at regjeringa også styrkjer satsinga på seismikk- og petroleumsarbeid i Nord-områda, som kan få ringvirkningar for den maritime industrien.

Vidarefører tiltakspakke for verftsindustrien Regjeringa foreslår å vidareføre delar av tiltakspakken for verftsindustrien neste år.

Næringminister Trond Giske seier i ei pressemelding at verftspakken var viktig for å hjelpe norsk verftsindustri gjennom finanskrisa. Han påpeiker at ordreinngangen har tatt seg opp i år, men at det framleis er fleire verft som slit. Difor blir delar av krisepakken no vidareført.

Den samla ordrereserven til verfta er framleis lågare enn i fjor grunna kontraktstørke i etterkant av finanskrisa.

Rammene for Nox-fondet som skal gå til miljøvennlege tiltak i industrien blir også vidareført. Selskapet for industrivekst (SIVA) får løyvingar på 25 millionar kroner.

Norge skal også framleis vere ein pådrivar for å få på plass ein internasjonal skipsbyggingsavtale, avsluttar Giske.

- Vi er godt nøgde med at maritim strategi vidareførast. Vi kunne gjerne sett at arbeidet overføring av transport fra vei til sjø hadde blitt prioritert høgare, at tempoet i innføringa av meir bruk av gass hadde vore større og at det blei brukt meir på maritim forsking og utdanning, men i hovudsak er vi godt nøgde, seier dagleg leiar i Maritim Forum Nordvest, Arnfinn Ingjerd om statsbudsjettet.

Sturla Henriksen i Norges Rederiforbund er nøgd med Statsbudsjettet 2011. Foto: Norges Rederiforbund