Innehavar Øystein Liavåg har drive forretninga sidan 1986. Den gongen heldt ho til i Bjørndalsvegen. I 2001 flytta Sunkost inn i Blåhuset - til eit lokale på 60 kvm ved sida av frisørforretninga Fønix. Men no har Sunkost forflytta seg til nyedelen av Blåhuset - og utvida golvarealet frå 60 til 100 kvm. - Eg trur vi er lettare å finne der, seier Liavåg, som med flyttinga også kjem til å utvide vareutvalet ein del. Liavåg fortel at interessa for helsekostprodukt har vore aukande desse åra. Men samtidig har også apotek, daglegvarefroretningar og nettbutikkar kome på bana. Liavåg stadfestar dermed at det har vorte fleire om beinet. Men på same tid har det også vorte større interesse for slike produkt mellom publikum.
Nyhende →
Sunkost flyttar til nyedelen av Blåhuset
Helsekostforretninga Sunkost har skifta "husvære" i Blåhuset. No finn du forretninga ved sida av skobutikken Bianco.