Kaninen vart funnen i ein hage i Hareid sentrum. Unni Angelsen, mor til ti år gamle Therese Angelsen, er opprørt over dyremishandlinga. Vi fekk tekstmelding frå nokon på Hareid som hadde oppdaga ei kanin. Då vi kom til staden såg vi at det var vår kjære Flora. Eg kan ikkje fatte at folk kan bli så galne at dei tek dyr frå ungar på denne måten, seier ho. Angelsen legg til at kaninen ikkje bar preg av ytre skadar, men at den truleg har blitt kvelt av eit stramt band rundt halsen. Eg vil med dette opplyse innbyggarane på Hareid om kva slags folk som ferdast ute om nettene, seier den forarga kanineigaren. Ho synest det er heilt forferdeleg at nokon har teke seg inn i hagen deira, øydelagt kaninburet og så tatt med seg og drepe kjæledyret til dottera hennar. Familien har vore i kontakt med politiet i denne saka.