Dagleg leiar Stig Sæter i Stromek opplyser at selskapet har brukt mykje tid og ressursar dei tre siste åra på produktutvikling innan LARS system (launch and recovery). Cetix i Stavanger har utvikla elektriske vinsjar som kompletterer utstyret som Stromek leverer. I tillegg kan Stromek levere hangarportar som gjer at kunden får alt utstyr levert frå ein leverandør. – Samarbeidet med Cetix har utvikla seg over tid, men no var stunda komen for å formalisere samarbeidet. Dei komplette hangarløysingane vil no bli marknadsført for levering til subseamarknaden over heile verda, fortel Sæther. Han legg til at marknaden har synt positiv interesse for produkta og samarbeidet, og dei to selskapa har alt sikra seg sin første kontrakt på slike system.h