På vekespørsmålet vårt førre veke var det 338 som svarte på spørsmålet "Kva juletre har du"? 52,4 prosent av lesarane har gran som juletre i heimen, medan heile 40,2 prosent nyttar seg av plasttre. Berre 7,4 prosent brukar furu som juletre.

Nytt vekespørsmål

Sidan vi er ved utgangen av 2008, og snart tek til på eit nytt år, er det mange som er opptekne av fyrverkeri til nyttårsfeiringa. Derfor vil vi gjerne vite kva du meiner om dette spørsmålet: Bør det vere ulovleg for privatpersonar å sende opp fyrverkeri?