Søre Sunnmøre Reinhaldsverk, SSR, innfører nye reglar for bruk av svarte søppelsekkar.

Bakgrunnen er det selskapet kallar "uheldige og farlege episodar" den siste tida.

- Det som skjedde, var at det vart levert inn ein svart søppelsekk som mellom anna innheldt ein naudrakett. Sekken hamna i grovavfallet og der starta raketten å brenne. Heldigvis oppdaga våre tilsette branntiilløpet og fekk henta ut sekken med gravemaskin, fortel Einar Heimdal, dagleg leiar i SSR, til Vikebladet Vestposten.

Han fortel at det ved eit anna høve vart levert inn ein svart søppelsekk med fyrverkeri på nyåret i år.

- Desse tok heldigvis ikkje fyr, seier Heimdal.

I ei pressemelding frå selskapet heiter det at desse episodane kunne ha ført til alvorlege personskadar og store materialle skadar.

Blandingsavfall

Dei to hendingane er hovudgrunnen til at SSR ønskjer dei svarte sekkane vekk. I pressemeldinga skriv selskapet at dei også ser at avfall i slike sekkar ofte er dårleg sortert og ofte er ei blanding av matavfall, elektrisk avfall og farleg avfall.

- Mykje av dette er avfall som det faktisk er gratis å levere, seier Linn Urke Osnes, som er kommunikasjonsansvarleg i SSR.

Gjennomsiktige sekkar

Renovasjonsselskapet har no bestemt seg for å innføre nye reglar, og oppmodar difor kundane om å sortere avfall så godt som råd og å bruke gjennomsiktige sekkar når dei skal levere avfall på miljøstasjonen.

- Dei som kjem med avfall i svarte sekkar eller andre ikkje-transparente sekkar kan sjølv sprette sekken og tøme den i containeren utan å betale noko ekstra, seier Osnes.

Dei som ikkje vil sprette sekken sjølv, må betale femti kroner i gebyr.

- Det er fleire andre renovasjonsselskap som har gjort det same, Einar Heimdal.

Dei nye reglane gjeld frå måndag 16. april.