På kveldane er det ofte stor aktivitet i Klivrehallen. Klivrehallen er 13,5 meter høg. Når ein klatrar slik er ein avhengig av at nokon står på bakken og sikrar ein. Olve Havåg i Klivrelaget seier at det blir ein del venting om ein er 2–3 vener som klivrar i lag, for då er det berre ein i veneflokken som er oppe i veggen om gangen.

Men no har Klivrehallen fått nytt utstyr, sponsa av Sparebanken Møre. Langt oppe på eine veggen er det festa ein boks som kan minne om ein hageslangetrommel, men det er det ikkje. Det er utstyr for sjølvsikring. Når du festar deg i kroken som heng ned frå trommelen er du sikra, og slepp å ha ein kamerat som står og passar på. Om du mistar festet i klatreklossane fangar saka deg opp så du ikkje deisar rett ned i golvet. Sjølvsikringa passar for både vaksne og born, frå 10 til 140 kilo.

Populær aktivitet

No som Klivrehallen har fått ein hall så tilgjengeleg og synleg har interessa for klatring auka. Berre det å ha tilgang på eit toalett heva standarden. I utgangspunktet var Klivrelaget skeptiske på å ha så store vindaugsflater i hallen, då det førte til færre kvadratmeter å klatre på. Men no synest dei at det har blitt veldig flott å få lyset og omgjevnadene ute inn på dette viset. – Det er triveleg å vere her uansett vêr, synest Langeland og Havåg.

På dagtid blir Klivrehallen brukt av Ulstein ungdomsskule, Ulstein vgs. og elevar frå Sunnmøre Folkehøgskule. På kveldstid og helger kan alle som har brattkort betale seg inn. Om du ikkje har brattkort og utstyr må du kome måndagar, då medlemer frå Klivrelaget er vakter.

I vår gjennomførte Klivrelaget kurs for ungdomar, og det tenkjer dei å gjere også til hausten. – Me har fått spørsmål om klatrekurs for born også, men det krev mange vaksne for å gjennomføre. Men det er berre å ta kontakt med oss om nokon vil starte med barneklatring, seier Langeland og tilbyr at dei kan stille med instruktør.

Kvar onsdag er det dameklatring og torsdagane er det klubbklatring, primært for vaksne. Då er det fint å møte opp om du har brattkort, men kanskje ikkje har praktisert på ei stund.