Og fleire vil byggje ferdig nye Holsekervegen som strekk seg frå det allereie ferdige vegstykket og opp til Hofsetsvingen ved gamle Ahlsell.

Det er nettavisa Våre Veger som melder om kampen mellom entreprenørgigantane.

Byr mot Mesta

Entreprenørane knivar om ulike oppdrag, som 540 meter ny veg og to bruer. Og begge entreprenøroppdraga inngår i andre byggjetrinn på nye Holsekerdalen.

Aurvoll og Furesund vil byggje vegen, og har gjeve eit anbod på 18,16 millionar kroner. Også ein andre entreprenør har melda si interesse for vegstykket på 540 meter. Mesta har kome med eit anbod på 18,70 millionar kroner.

Fleire vil byggje bruer

Det andre oppdraget for nye Holsekervegen gjeld bygging av to bruer med lengde på 57 og 13 meter. Den lengste får to spenn, medan den andre får eitt. Begge kryssar ei elv.

Her har Christie Opsahl frå Molde gjeve det nest lågaste anbodet på bruene. Dei krev 14,94 millionar kroner for jobben. Her har Mesta og vist interesse, med eit anbod på 15,46 millionar kroner. Tredje og siste interesserte i jobben er Alliansebygg frå Mandal, som har levert eit anbod på 17,22 millionar kroner til Ulstein kommune.

Det kjem fram at anboda på bruene er lågare enn det byggherren hadde rekna med, medan dei andre ligg noko høgare