Sist veke vart gruppa "Nei til oppdrettsanlegg i Brandal" skipa på facebook. Per måndag morgon har gruppa 255 medlemmer.

Dessutan har motstandarane også laga ei side på opprop.net. Så langt har 140 signert på at dei er motstandarar av oppdrett i Brandal. Dei fleste har skrive under med namn.

Saka gjeld Salmar Organic sin dispensasjonssøknad om eit utvida oppdrettsanlegg i havområdet like utanfor Brandal. Søknaden er så langt ikkje behandla politisk i Hareid kommune.

Eit område utanfor Brandal er regulert til oppdrett, noko ein del grunneigarar vil ha omregulert.