Torsdag 15. november, er det ti år sidan Tråd Kråa starta på Hareid. Det blir markert med blant anna strikkekafé og minikonsert med Gollj og Gråstein.

Barbro Østrem starta Tråd Kråa i ei lita krå hos Fotograf Jønsson. Sidan har det blitt vokster i etappar. Først til Furnes i Kjøpmannsgata, og så for nokre år sidan over gata i endå større lokale i Flåten-bygget. Vareutvalet har auka i takt med utvidingane.

Men det er ikkje berre butikken som har blitt større. Det har også interessa for strikking.

Kjendiseffekt

– Strikkebølga har vart nokre år no, men i haust vart det reine flodbølgja. Vi sel tråd til strikking som aldri før, fortel Østrem.

I haust har pågangen til tider vore så stor at det har vore ventelister på enkelte kvalitetar. Barbro Østrem meiner ho i første rekke kan takke strikkaklea til Dorte Skappel og Farmen-genseren for dette.

– At kjende personar går ut på TV med strikkeplagg har stor effekt. Vi synest det er kjekt at strikkelysta aukar for både unge og gamle.

Men Tråd Kråa sel meir enn garn, og på jubileumsdagen vil det bli tilbod på ein del ullprodukt.

Om kvelden blir det strikkekafé med kaker og kaffi. Kaker blir servert heile dagen, men om kvelden kjem “strikkekaka” på bordet. Då vil det også bli minikonsert med Gollj og Gråstein.